Livskvalitet

Livskvalitet

Opn opp balkongdøra. Sjå hamna og sentrumsgatene vakna til liv. Nyt dei første solstrålane frå aust. Legg ein god klatt smør i frukostgrauten, og kjenn humøret stiga. Joda, dagen har fått ein bra start.

I Meierikvarteret blir det lett å leva godt. Her kan du seia farvel til tidstjuvar som hus vedlikehald, hagearbeid og hyppige køyreturar til og frå butikken. Du har alt du treng ein kjapp heistur ned, eller i verste fall ein kort spasertur unna. Dermed får du ganske enkelt betre tid til gjera det du ønskjer å bruka tid på. Meir tid til å nyta livet. Med storslegen utsikt over Vikjo, gode solforhold det meste av døgnet og eit heilt eige parkområde på 650 kvadratmeter, vert det mykje å nyta.

Meierikvarteret vert eit spenstig kvartal med moderne og spennande arkitektur. Eit urbant og høgreist blikkfang, som styrkjer identiteten og bypreget til Leirvik. I tillegg til ein super plass å bu, vert det nye kvartalet også ein flott stad å driva næringsverksemd. Aktiviteten til alle som bur og jobbar her vil gjera Leirvik til eit endå meir levande bysentrum og regionsenter.

 

Byggjer på ei stolt historie

meieriet før i tida
Meieriet – 1987

Meieribygget sette preg på bybiletet i tett på 60 år, og husa alt frå produksjon av meieriprodukt til dansande ungdomar. Denne stolte og varierte historia ligg i botn når eit nytt og allsidig landemerke no reiser seg på den sentrale sentrumstomta.

Etter mange år med mottak og utsal på Torget, kunne bondesameiget Stord Meieri i 1959 ta i bruk sitt flunkande nye meieribygg nedst i Vikabrekko. I det som var eitt av dei større bygga i Leirvik på den tid, kunne sameieget starta produksjonen i eit topp moderne anlegg. I den store produksjonshallen vart mjølka i starten tappa på flasker, før ein seinare gjekk over til kartongar. Meieriet produserte også smør og ost, og på det meste sysselsette meieribygget 12-14 personar.

I årsmeldinga frå 1960 melder meieriet følgjande om drifta: «I 1960 fekk Stord Meieri tilført frå eigne leverandørar ialt 1.631.239 kg. mjølk. Mjølka vart levert såleis: Frå Stord 1.208.846 kg., derav frå Huglo 227.838 kg., Tysnes 72.270 kg., Fjelberg 253.870 kg., og frå Moster 92.979 kg. Frå året før var det auke i tilførsla på 118.709 kg. Feittprosent var 4,0. Frå andre meieri vart tilført mjølk og fløyte tilsvarande 177.000 kg. heilmjølk. Avrekna heimesal var 35.290 kg. I 1960 er omsett gjennom meieriet 1.843.000 kg. mjølk, som er 139.000 kg. meir enn i 1959» Årsmeldinga opplyser vidare at det same år vart produsert 9.970 kilo smør i meieriet på Vikjo.

– I dei beste åra var rundt 100 leverandørar knytt til Stord Meieri. I tillegg til bruka i eigen kommune kom det mjølk frå kyr på Fjelberg og Moster. Fram til 1969/70 kom all mjølka i spann, fleire bilar køyrde faste ruter og henta og leverte tomspanna attende på rampane rundt om. Frå 1969/70 gjekk ein over til tankar – første mjølketanken på Stord vart installert hjå Grødem på Prestagarden, fortel Per Høyland i eit intervju med stordnytt.no. Han var ein av medlemane i sameiget då det nye meieriet blei reist, ein jobb entreprenør W. Engelsen brukte eitt års tid på.

Meieribygget, med den karakteristiske pipa som strekte seg høgt til vers, husa også eige utsal for ferske varer. Oppover i etasjane var det også møtelokale i Meierisalen, husvære og kontor. I underetasjen var Meierikafeen ein populær møteplass – vidgjeten mellom anna for kjøtkakene som svoltne stordabuar og tilreisande fekk servert her. Underetasjen  romma også Innkjøpslaget sitt lager for fôrmjøl og gjødsel.

På 1980-talet vart meieriverksemda i Noreg sentralisert i større einingar, og i 1988 var det Stord Meieri sin tur. Då vart meieriet innlemma i P/L Vestlandsmeieriet, og produksjonen på Vikjo vart avvikla. Etne Meieri tok over leveransane av konsummjølk i regionen. Etter produksjonsstoppen og demontering av tappemaskinane, tok annan aktivitet over i dei ledige lokala. Her har mellom anna vore butikk for innkjøpslaget/Felleskjøpet, utestaden Tapperiet, pizzarestaurant, dansesal for ungdomar i kulturskulen, hyblar og taxisentral.

Det gamle meieribygget er no rive. Eit viktig kapittel i sentrumshistoria er avslutta. Samstundes byrjar eit nytt.

 

Likandes leirvik

Bylivet har mykje å by på!

Leirvik, eller Vikjo som stordabuen gjerne seier, er sentrum i byen Stord – regionsenteret i Sunnhordland. Sentrert rundt den lune og gode hamna, speglar miksen av gamle og nyare bygg fortida og notida til ein småby i stadig utvikling.

Vikjo rommar det meste. Her er det restaurantar og kafear. Eitt av Sunnhordlands største handels- og servicetilbod, med alt frå større kjeder til små nisjebutikkar med særpreg. Utestadar. Museum. Galleri. Stord kulturhus, med kinosalar, konsert- og teaterframsyningar, symjehall, kunsthall, bibliotek og petanquebane. Torghandel. Parkanlegg. Offentlege kontor. Skular og idrettsanlegg. Barnehagar. Helse- og velværetenester.

Bur du i Meierikvarteret, har du altså det du treng i kvardagen i gangavstand. Og med nødvendige ærend kjapt unnagjort, ligg alt til rette for å bruka meir tid på opplevingar og aktivitetar som gir deg livskvalitet. Somme av dei finn du kanskje rett i nabolaget?

kaffebar

For mange er ein aktiv livsstil med hyppig fysisk aktivitet ein viktig ingrediens i det gode liv. Ein slik livsstil kan du fint ta med deg til Meierikvarteret. Herifrå er det passeleg gangavstand til fantastiske naturområde med gode turløyper både i Landåsen, langs Ådlandsvatnet og i Gullbergskogen. Her kan du også få deg ein dukkert, om gradestokken inviterer til det. Fart på blodomløpet kan du også få i Stord Idrettspark på Vikahaugane, det største idrettsanlegget mellom Bergen og Stavanger, eller i eitt av treningssentera sentralt i sentrum.

Finn du glede i å farta litt rundt for å sjå og oppleva nye stader, gir Leirvik sentrum ein god start på ferda. Vikjo har i ei årrekkje vore eit viktig trafikalt knutepunkt for ferjer, snøggbåtar og bussar. Ferjetrafikken er avvikla, men bussar og båtar gir eit godt rutetilbod både i og ut av regionen. Den nye bussterminalen, som er planlagt like nord for Meierikvarteret, vil styrkja dette kommunikasjonstilbodet ytterlegare.

Kanskje er det gode liv å pirra smakslaukane i restauranten til Geir Skeie? Å høyra favorittartisten spela på ei av sentrumsscenene? Å få nye impulsar frå kjende og ukjende kunstnarar når dei opnar utstilling på Galleri Giga? Å drøsa med gode vener på Frugård? Å promenera langs kaiane og ta inn inntrykka frå den trivelege hamna? Eller kanskje det er å krypa opp i godstolen med ei god bok, i trygg forvissing om at dei mange kultur- og fritidstilboda finst like om hjørnet også den dagen du føler for å nytta deg av dei?

Er du klar for å nyta dei mange fordelane småbylivet i Leirvik har å freista med? Meierikvarteret ventar på deg!

 

Senter for helse og velvære

Eit nytt helse- og velværesenter står sentralt når næringsdelen i Meierikvartert vert fylt med aktivitet.

hele-og-velvere

Eit nytt helse- og velværesenter står sentralt når næringsdelen i Meierikvartert vert fylt med aktivitet. Aktørar som allerede er klar er Øyo Legekontor og tannlege Per Magne Djupvik. Dermed har senteret alt fleire legar, sjukepleiarar og tannlege på plass.

Andre aktuelle aktørar for helse- og velvære er fysioterapeut-, kiropraktor, fotterapeut, frisør, hudpleiar – og andre helse- og velværetenester som kan passa inn i dette konseptet. Målet vårt er å skapa eit fagmiljø som er samlokalisert og lett tilgjengeleg for menneska som bur i Meierikvarteret og elles i sentrumskjernen – og me er i dialog med ei rekkje ulike konkrete aktørar innanfor desse tenesteområda.

Tenesteyting er også det sentrale stikkordet for aktivitetane me ønskjer å få inn i resten av næringsdelen, og me jobbar mellom anna med å etablera banktenester. Noko kjøpesenter blir Meierikvarteret ikkje, men me ser på moglegheitene for å få inn eit godt kioskkonsept som kan supplera tilboda som finst i sentrum i dag.

 

Den grøne attraksjonen i fjerde etasje

Med leilegheit i Meierikvarteret får du og naboane eksklusiv tilgang til dykkar heilt eige parkanlegg.

Sjølv om ein har sagt farvel til plenklypparen og hekksaksa, gjer det godt å trekkja pusten i grøne omgjevnader no og då. I Meierikvarteret finn du den grøne lunga på taket over næringslokala. Her oppe, høgt og fritt, skal Meieriparken breia seg ut over 650 kvadratmeter.

Her kan du rusla ein kveldstur langs opplyste gangstiar på ulike terrengnivå, høyra vinden rasla i buskar og tre, strekkja deg så lang du er på den kunstige plenen, og du kan smila av og med ungane som boltrar seg på leikeområdet. Ei utestove, utstyrt med både grill og storskjerm, blir den sentrale møtestaden i parken. Her kan du samla 10-12 vener eller naboar til ei lun og triveleg stund. Utestova blir ført opp i lyse og lette materialar.

Stova kan opnast opp for å invitera sola og ein mild ettermiddagsbris inn, og ho kan lukkast att så kalde vindgufs og nedbør held seg på utsida.

Rundt om i parken vil du finna element frå historia til Stord Meieri. Kanskje steingarden med mjølkerampe får fram gode minne frå farne tider hos nettopp deg?

Finn deg ein lun krok og slapp av i grøne omgjevnader.

Parken skal vera ein attraksjon som gjev verdi og gode opplevingar for bebuarane i kvarteret. Derfor blir anlegget tilrettelagt så vedlikehaldsfritt som mogleg – til dømes gjennom val av høgkvalitets kunstgras framfor naturgras. På den måten held me felleskostnadene så låge som mogleg – og parken kan handla om å nyta framfor å yta.