Framtidsretta

Framtidsretta

Meierikvarteret blir det lett å leva godt. Her kan du seia farvel til tidstjuvar som hus vedlikehald, hagearbeid og hyppige køyreturar til og frå butikken. Du har alt du treng ein kjapp heistur ned, eller i verste fall ein kort spasertur unna. Dermed får du ganske enkelt betre tid til gjera det du ønskjer å bruka tid på. Meir tid til å nyta livet. Med storslegen utsikt over Vikjo, gode solforhold det meste av døgnet og eit heilt eige parkområde på 620 kvadratmeter, vert det mykje å nyta.

Meierikvarteret vert eit spenstig kvartal med moderne og spennande arkitektur. Eit urbant og høgreist blikkfang, som styrkjer identiteten og bypreget til Leirvik. I tillegg til ein super plass å bu, vert det nye kvartalet også ein flott stad å driva næringsverksemd. Aktiviteten til alle som bur og jobbar her vil gjera Leirvik til eit endå meir levande bysentrum og regionsenter.

 

Mest mogleg utsikt, minst mogleg innsyn

arkitekt-kaada

Med ein kompakt og arealeffektiv næringsdel i botn, og to tårn med bustader oppå, utnyttar me alle dei gode kvalitetane meieritomta har å by på, seier arkitekten bak Meierikvarteret, Morten Kaada.

Korleis kan meieritomta på Vikjo best utnyttast til næringsaktivitet og bustader? Det var utfordringa Morten Kaada i Arkitekt Kaada AS i Stavanger fekk frå Fronta i desember 2015. Siddisen fortel at løysinga med to tårn meldte seg kjapt.

For å utnytta tomta optimalt, har me lagt ein kompakt og svært arealeffektiv base i botn for heile kvarteret. Denne inneheld eit flott parkeringsanlegg med god kapasitet og attraktive næringsareal med framifrå eksponering mot omgjevnadene. Denne bygningskroppen kunne me valt å løfta opp i høgda, men det ville fungert dårleg til bustadføremål, då ein får veldig lite utvendig flate i høve til volumet. Resultatet ville blitt lange og smale leilegheiter med utsikt og lys berre i den eine enden. Då me diskuterte korleis me skulle angripa denne utfordringa, såg me fort at to høgblokker var den beste løysinga for bustaddelen av prosjektet, seier Kaada.

Innvendig tilkomst

Han held fram eitt arkitektonisk grep som det mest sentrale for kvaliteten på bustadene i tvillingtårna: Innvendig tilkomst til leilegheitene gjennom ein vertikal kjerne med heisar og trapper.

Ved at alle leilegheitene er plassert rundt denne vertikalkjernen, får me den beste utnyttinga av den aller største kvaliteten tomta har å by bustadkjøparane, nemleg utsikta. Alle leilegheiter ligg no på hjørne i bygga, og får dermed vindauge i to retningar med dei fordelane det har for lys og utsikt. I etasjar med tre leilegheiter får faktisk ei av leilegheitene vindauge på tre sider. I tillegg gjer den indre tilkomsten at ein sjølvsagt også kan gå tørrskodd frå parkeringshuset eller hovudinngangen og heilt fram til inngangsdøra, forklarer arkitekten.

Han legg til at alternativet til den innvendige tilkomsten ville vore å utstyra blokkene med svalgangar på utsida. Desse ville redusert kvaliteten på romma som vender ut mot svalgangen, og ein vil ikkje bu like avskjerma frå naboane.

To høgder gjev dynamikk

At dei to tårna har fått ulike høgder, skuldast i hovudsak reguleringsføresegnene for tomta. Arkitekten meiner høgdeskilnaden er bra for totalinntrykket av Meierikvarteret

Ulik høgde gir ein fin dynamikk i heile komplekset, meiner Kaada,

som også tykkjer næringsdelen har fått eit volum som harmonerer fint med nabobygga på Bandadalsplassen og i Osen.

To høge tårn i betong kan lett gje eit hardt og monumentalt inntrykk, særleg for folk på gateplan. Arkitekten fortel at dei gjort fleire grep for å mjuka opp inntrykket.

I tillegg til dei naturlege fugene i skøytane mellom betongelementa, har me også lagt inn falske fuger i fasaden for å løysa opp og skapa ein større dynamikk. Heile fasaden skal dessutan prikkmeislast, noko som gir ei mjukare, meir menneskeleg overflate med tekstur enn ei malt, slett betongoverflate, fortel Kaada.

Morten Kaada
Morten Kaada har 14 års erfaring som sivilarkitekt.

Vindaugsplasseringa mjukar opp

Formspråket og plasseringa av vindauga har også spelt ei avgjerande rolle i arbeidet med å skapa eit spennande og fint ytre.

Vindauga står tilsynelatande litt tilfeldig plassert i fasaden. I røynda er dette eit heilt bevisst verkemiddel, som me ofte nyttar på store bygningsmassar. Vindauga bidreg nemleg til å løysa opp fasaden, og reduserer det monumentale inntrykket. Hadde me valt heilt like rekkjer med vindauge i kvar etasje, ville bygga fort kunna bli oppfatta som litt for stramme, store, framande og kontorliknande, utdjupar Kaada.

Generøse balkongar

Innvendig, har arkitekten hatt hovudfokus på å skapa innhaldsrike og effektive leilegheiter med gode kvalitetar og enkel logistikk. Det er mellom anna lagt vekt på å gje leilegheitene gode vindaugsflater som slepp inn mykje lys og gir god utsikt. Generøse, søylefrie balkongar som er trekte inn i bygningskroppen, er ein annan kvalitet Kaada framhevar.

Utforminga av nettopp balkongane er ypparlege døme på den viktige balansegangen Kaada og kollegaene har måtta finna mellom å gje bebuarane best mogleg utsikt og minst mogleg innsyn.

Den utfordringa har me løyst ved å utstyra balkongane med tett rekkverk der dei vender ut mot naboar og ferdselsårene i sentrum. Samstundes sørgjer område med gjennomsiktig glasrekkverk for at du kan nyta utsikta – også frå låge sitjestillingar både ute og inne. Desse opningane i rekkverket varierer mellom dei ulike leilegheitstypane, og er plassert ut frå himmelretning, kor leilegheita har best utsikt, og kor naboane er plassert, fortel Kaada.

Sjølv synest han Meierikvarteret har blitt ein flott heilskap.

Komplekset ligg sentralt og fint til, både i høve sjøen, handels- og servicetilbodet i sentrum, og turområde i nærleiken. Sjølv om ikkje alle leilegheitene får sjøutsikt, har alle bustadene gode utsiktskvalitetar. Kvar leilegheit blir ein kjekk stad å opphalda seg for å utnytta alle desse kvalitetane, rundar Morten Kaada av.

Høg kvalitet ute

Å halda fasaden på eit høghus ved like kan vera både omfattande og kostbart. Derfor blir Meierikvarteret bygd med smarte materialar og løysingar som praktisk talt eliminerer behovet for puss og stell. For deg som flyttar inn betyr det låge og føreseielege utgifter til drift og vedlikehald av fellesareala.

verktygkasse
Låge og føreseielege utgifter til drift og vedlikehald av fellesareala.

Ti etasjar. 36 meter over gateplan i Osen. Så høgt strekkjer høgste bygningen i Meierikvarteret seg. Å vaska, mala og flikka på fasaden i slike høgder er ikkje for kvarmannsen, og arbeidet eignar seg heller dårleg for felles dugnadsinnsats. Slike jobbar krev profesjonelle folk med skikkeleg sikring – noko som fort kan bli ein rimeleg kostbar og omfattande affære.

For å gjera Meierikvarteret så vedlikehaldsfritt som mogleg, har me valt kvalitetsmaterialar og framtidsretta løysingar som skal halda dei utvendige flatene like fine – år etter år.

Gjennomfarga betong

Heile kvarteret blir bygt med prefabrikkerte betongelement. Desse blir produserte av Veidekke sitt dotterselskap Block Berge, på ein av Nord-Europas største betongelementfabrikkar på Klepp i Rogaland. Før elementa blir sendt til byggeplassen, går dei gjennom ein grundig kvalitetskontroll.

Kvart betongelement består av eit 20 centimeter tjukt innersjikt av massiv betong, eit lag med isolasjon i midten, og eit åtte centimeter tjukt yttersjikt som blir prikkmeisla for å få ein fin og ru struktur ut mot omgjevnadene. I tillegg er betongen i heile yttersjiktet tilsett farge, frå inst til ytst. Denne gjennomfarginga gjer dei utvendige betongflatene heilt vedlikehaldsfrie i overskodeleg framtid.

I praksis kan heile åtte centimeter av ytterveggen forvitra før den vanlege grå betongen kjem til syne. På eit høghus er derfor bruken av gjennomfarga betong eit enormt fortrinn samanlikna med dei tradisjonelle metodane for farging av utvendige flater, der ein legg på eit ytterlag med maling eller murpuss. Desse overflatebehandlingane treng regelmessig vedlikehald og oppfrisking, i verste fall etter berre tre-fire år. Rekninga er det sameiget som må ta. I Meierikvarteret slepp du og naboane uroa dykk for slike innhogg i lommeboka i lang tid framover.

Nanoteknologi får skiten til å prelle av

Grønske og skit er kjende problemstillingar på mange betongbygg, og enkelte bygg krev vask så ofte som kvart år for å halda fasaden rein og fin. Også dette er ein omfattande og kostbar jobb på eit høghus. For å minimera behovet for utvendig vask av Meierikvarteret, har me valt å gje betongelementa ei overflatebehandling som er relativt ny i norsk målestokk: Impregnering med nanoteknologi.

Impregneringa inneheld ein emulsjon med vassfråstøytande nanopartiklar.

Desse ufatteleg små partiklane kler igjen porene i betongoverflata og gjer ho vatnavstøytande. Resultatet er ytterveggar som avviser skit og smuss. Ureininga renn ganske enkelt av bygget når det regnar. Inne kan du gle deg over vaskehjelpa frå ovan, som både held bygget reint og held felleskostnadene nede.

Aluminiumsbelagde vindauge

For fjerna behovet for hyppig skraping og maling av høgthengande vindaugskarmar, har me gått for ei løysing med aluminiumsbelagde vindauge i alle leilegheiter. Aluminiumskledninga er svært vêrbestandig, tilnærma vedlikehaldsfri, og utgjer nok eit bidrag til låge felleskostnader.

Vedlikeholdsfritt kompositt på balkongen

Også på balkongane til kvar einskild leilegheit har minst mogleg vedlikehald vore sentralt for materialvalet. I staden for treverk, som treng regelmessige strøk med olje, maling eller beis, blir leilegheitene levert med balkongdekke av vedlikehaldsfritt komposittmateriale.

Desse golvborda falmar ikkje, men held på fargen år etter år. Eit eksklusivt materialval som gjer at du og naboane kan sitja ute og nyta våren, framfor å liggja på kne med malarkosten.

 

Høg kvalitet inne

Det ytre er viktig, men det er det indre som tel. Derfor blir også interiøret i Meierikvarteret bygd med kvalitetsprodukt, -materialar og -løysingar.

Dei varierer i storleik, men tre stikkord kjenneteiknar innreiinga i alle leilegheitene i Meierikvarteret: Smakfullt. Moderne. Praktisk.

Kjøkenet er eitt av dei meste brukte romma i ein bustad. Standard planløysing i Meierikvarteret har kombinert stove og kjøken. Her har me lagt vekt på gjera kjøkenet til ein praktisk og lettstelt del av rommet. Sjølve kjøkeninnreiinga blir levert av anerkjente Norema Kjøkken. Standardkjøkenet har slette, kvite frontar, og inneheld ein integrert kvitevarepakke. Innreiinga er funksjonell og effektiv, samstundes som ho gjer kjøkenet til ein triveleg stad å opphalda seg.

Eit praktisk og innbydande bad er også ein viktig kvalitet når du kjøper ny bustad. I Meierikvarteret blir alle bad heilflisa frå golv til tak, med keramiske fliser av god kvalitet. Standardinnreiinga inkluderer også vegghengt toalett, dusjveggar og moderne baderomsmøblar frå Linn Bad. Alle armaturar blir levert av finske Oras.

Eit golv skal både vera godt å gå på og tola dagleg trakk over tid utan å bli stygt. Derfor har me valt eikeparkett. I toppleilegheitene vert det einstavsparkett frå Bo Andrén som standard golvdekke i soverom, gang, stove og kjøken.

Leilegheitene blir levert med ein standard belysningspakke beståande av innfelte downlights i gang, bad og ute på terrassen. I tillegg er det godt med stikkontaktar i alle rom, slik at du sjølv kan velja type og omfang på lyssettinga i resten av bustaden.

innvendig moblert
Sidan leilegheitene er frie for innvendige bereveggar, og me dessutan plassbyggjer alt interiør, har du gode moglegheiter for individuell tilpassing av planløysinga i leilegheita du har sett deg ut.

Heile Meierikvarteret blir oppført etter byggforskrifta Tek 10. Denne krev mellom anna at 60 prosent av energien som vert brukt til oppvarming, ventilasjon og varmtvatn skal koma frå andre energikjelder enn fossilt brensel eller direkte straumforsyning. For å oppfylla dette kravet, vert kvar eining utstyrt med si eiga kompakte varmepumpeløysing, såkalla «kompaktaggregat». Varmepumpa vinn att energi frå avkastlufta og brukar denne energien til å varma opp både inntakslufta og varmtvatnet ditt. Fordelen for deg som bebuar er reduserte straumutgifter, at du får ein energigevinst også når du nyttar pumpa til kjøling i varme sommarmånader, og ikkje minst at det separate anlegget gjev deg full kontroll over ventilasjonen i di leilegheit.